Menn med snurrebarter

Publisert i Blogg

Ei barbérstove i front, illegal bar på bakrommet – sjølve grunnlaget for eit vellukka investeringsprosjekt i forbudstider.

 Marius Løbø Fimland |  Blodbyen


Ei barbérstove i front, illegal bar på bakrommet – sjølve grunnlaget for eit vellukka investeringsprosjekt i forbudstider.

Men i desse dagar som alkohollovgjevnaden er hakket meir positiv til servering, snur bergenserane konseptet på hovudet.

– Her har du ein musikar, ein akademikar, ein arving… Og ein fyr eg ikkje veit kven er. Det er akkurat slik eg ville ha det!

Barberer Tommy Kronstad har omsider fått realisert draumen han har bore på sidan han var 14 år – ein ”hangout” på linje med barberstovene ein kan sjå på amerikanske filmar, der folk sit like mykje for å slarve og lese aviser, som for å faktisk stusse hovudet.

Bergen Barberstue har no opna sin andre avdeling i regnbyen, og i kjent stil tenkjer dei nytt. I kjellaren på The Tasting Room har dei rigga seg til med full servering frå baren over, i eit lokale som kviskrar speakeasy.

I høve opninga har dei òg fått laga seg eit øl, saman med Bergenhus Bryggeri. Ølet heiter sjølvsagt Blodbyen.

– Det er ein red ale, som vi har jobba med og utvikla sidan starten på Bergenhus Bryggeri, kan sjefsbryggar Gareth Stewart fortelje. Trass i at dette ølet har vore eit hjartebarn på bryggeriet så lenge, var det ikkje vanskeleg å adoptere det vekk til saken.

– Vi kjem til å selje det i baren vår òg, og dessutan var jo namnet heilt perfekt!

Blodbyen er eit butikkstyrke-øl, med ein djup raudbrun farge, kremaktig skum, og ein relativt mild humleprofil, heilt klart ein lite krevjande lesk medan ein ventar på kniven.

– Det er faktisk ein hemmeleg ingrediens i ølet, noko som gjev fargen, men den held vi for oss sjølv. Blod? Veeel…

Personvern