5 kjappe i sommervarmen – Kinn bryggeri

Publisert i Blogg

BRESJNEV FERDIG

150325_ikon_blogg

 


Tekst: Ølakademiet Foto: Kinn bryggeri

Ølakademiets faste sommerinnslag på bloggen omhandler norske håndverksbryggerier. Bryggeriene presenteres gjennom 5 spørsmål. Denne uka er det Kinn bryggeri som presenteres. Hva har bryggerimester og dagleg leiar Espen Lothe å dele fra sommeren på bryggeriet?

Vi i Ølakademiet håper publikum finner det interessant å lese om hva som rører seg i bryggeribransjen i sommer! God lesning:

 

1.       Hva skjer på bryggeriet i sommer?

I sommar har vi normal produksjon dagleg. Det er litt meir juleøl som må bryggjast, elles går det i det vanlege. To gongar i veka (onsdagar og fredagar) kan du komme på omvising og ølsmaking på bryggeriet. Billettar blir organisert av turistkontoret Fjordkysten i Florø. Det er også sett opp buss som køyrer til og frå sentrum i samband med omvisingane. Og 22. august arrangerar vi vår eigen ølfestival med fokus på lokale bryggeri, dvs. frå Bergen til Sunnmøre.

2.       Hvilke trender ser du i markedet nå og hva tenker du om fremtiden?

Det ser ut til at fokuset er i ferd med å flytte seg litt vekk frå ekstremølhypen, og det likar vi. No om sommaren går det naturleg nok meir i lette og lyse produkt, men eg trur vi vil sjå meir av dei velbalanserte og lettdrikkelege produkta i framtida, og mindre av overhumla og vulgære fatlagra øl i framtida.

3.       Hvilket øl drikker du en varm sommerdag?

Helst ein lys engelsk bitter, men eg kan også gjerne ta ein wit, saison eller ein kvalitetspils.

4.       Hva er ditt beste øl & mattips?

Eg synest at geuze og gammalost er ein heilt fantastisk kombinasjon, den burde fleire prøve.

5.       Hvilke nyheter har dere å melde til høsten?

3. juli kom vi med Bresjnev Sovjet Staut i testutvalet på vinmonopolet. Det er ganske enkelt ein veldig god staut på 8%. Ikkje heilt ein russian imperial stout, men litt snillare utgåve, derav Sovjet Staut. I august blir Pryl tilgjengeleg på flaske igjen, og litt seinare på hausten kjem Kinn Til Bøvels, Bøvelen med brettanomyces og mjølkesyrebakteriar. Vi har nettopp fått inn nye tankar som passar til lagerbrygging, så du kan vente deg ein pils frå oss snart.

 

Neste uke presenterer vi 5 kjappe med et annet norsk håndverksbryggeri. Følg med!

Har du gavekort som snart går ut? Les mer her ...

Personvern